Det Norske Samlaget (heretter omtalt som Samlaget) behandlar personopplysningar om kundar og brukarar av dei produkta og tenestene vi tilbyr. Nedanfor beskriv vi kva for opplysningar vi behandlar, kva vi gjer med dei, og korleis vi tar hand om personvernet. Hensikta er at du som nyttar våre tenester skal vere trygg på at Samlaget tek hand om ditt personvern. Den behandlingsansvarlege er Stiftinga Det Norske Samlaget, Mariboes gate 13, 0183 Oslo.

Viss du har spørsmål om korleis Samlaget behandlar personopplysningane dine, kan du kontakte oss på ordre@samlaget.no.

Vi behandlar opplysningar om deg så lenge vi har eit kundeforhold til deg, har forpliktingar som følgje av inngåtte avtalar eller så lenge det er lovleg grunnlag for det. Deretter vil dine opplysningar bli sletta eller gjort anonyme.

Kundar i nettbutikken
Når du kjøper noko direkte frå oss, tek vi vare på opplysningane du oppgir saman med kjøpshistorikken din. Vi lagrar kjøpsinformasjonen din, slik som namn, adresse, e-post, telefonnummer og kjøpshistorikk i samband med rekneskapslova og for å kunne oppfylle avtalen om kjøp med deg. Vi har òg ein rettmessig interesse i å ta vare på kjøpsinformasjonen og -historikken din så lenge du er i eit kundeforhold til oss.

Mottakarar av nyhetsbrev
Sjå vilkår for påmelding til nyhetsbrev her.

Førespurnadar til kundeservice
Om du kontaktar oss med førespurnadar om produkta og tenestene våre via e-post, tek vi vare på opplysningane du oppgir. Dette gjer vi for å kunne følgje opp førespurnaden og gi deg tilbakemelding. Vi slettar desse opplysningane med jamne mellomrom og seinast innan tre år etter førespurnaden er løyst.

Deling av personopplysningar
Vi deler personopplysningar når det er nødvendig for å oppfylle vår del av ein avtale med deg som kunde. Til dømes vil vi dele namn, e-post og adresse med distribusjonssentral for at du skal få levert ei vare, og når du gjennomfører ein betalingstransaksjon, vert informasjonen send vidare gjennom ei sikker betalingsløysing som er i kontakt med din bank.

Vi deler òg personopplysningar med andre aktørar når vi nyttar andre underleverandørar for å oppfylle føremålet med produkta og tenestene våre. Underleverandørene våre får aldri tilgjenge til å behandle opplysningane til andre føremål enn dei vi har sjølv.

Databehandlarar

Sentraldistribusjon: Sentraldistribusjon sender alle bestillingar av fysiske varer frå nettbutikken. Vi sender informasjon om ditt kjøp til dei, slik at du kan motta produktet du har betalt for. Informasjonen dei mottar er: namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og kva for produkt som skal leverast.

Shopify: System for nettstaden samlaget.no. Informasjon om kjøp og din brukarkonto lagrast her.

Mailchimp: System for utsending av nyhetsbrev. E-postadresse og namn (viss oppgitt) lagrast her om du har gitt samtykke til det.

Klarna: Betalingsfunksjon i nettbutikken.

Lingofy: Programvare for lisens av digital enkel nynorsk ordliste.

Kvaliteten på opplysningane
Det er viktig at opplysningane vi har om deg, er korrekte og oppdaterte. Skulle opplysningar vere feil eller ufullstendige, kan du kontakte oss på ordre@samlaget.no.

Dine rettar
Om vi behandlar personopplysningane dine på bakgrunn av ditt samtykke, kan du kva tid som helst trekke tilbake samtykket ditt.

Du har òg rett til å krevje innsyn i opplysningane vi behandlar om deg, og du kan klage til Datatilsynet viss du meiner at rettane dine ikkje vert varetekne.

Meir informasjon om rettane dine finn du hos Datatilsynet.


Informasjonskapslar og opplysningar vi samlar inn
På samlaget.no nyttast cookies for analyse og betring av våre tenester på nett. Ein cookie er en tekstfil som sendast frå ei nettside t.d. www.samlaget.no til din datamaskin eller smarttelefon. Vi nyttar cookies til desse formåla:

  • Hente statistikk frå nettsida, t.d. tal på besøkande, og kva for sider som vert sett mest på.
  • Forbetring av nettsida.
  • Forbetre marknadsføringstiltak.

Når du nyttar samlaget.no godkjenner du også bruk av informasjonskapslar.

Desse opplysningane og dataane samlast inn ved bruk av samlaget.no:

Shopify
Shopify er programvaren bak samlaget.no. Shopify lagrar kundeinformasjon og statistikk. Shopify lagrar ikkje personleg identifiserbar informasjon om deg, med mindre du registrerer deg som kunde. Informasjonen om deg vert lagra for at vi skal kunne gjennomføre avtalen vi har gjort med deg, t.d. å sende deg eit produkt du har kjøpt.

 

Korleis aktivere eller slette cookies?
Dei fleste nettlesarar er automatisk innstilt på å godkjenne informasjonskapslar. Du kan endre innstillingane slik at du anten blokkerar, slettar alle informasjonskapslar, eller blir varsla når ein informasjonskapsel lagrast på datamaskina di. Les meir om korleis du gjer dette på informasjonssida til nettlesaren din.