Vennelaget Samlagsrota

Vennelaget Samlagsrota vart skipa i 2013 av folk som sluttar opp om Det Norske Samlaget og er glade i nynorsk språk og litteratur. Vennelaget arbeider med å spreie kunnskap om nynorske forfattarskapar, og med å utvikle og skaffe støtte til tiltak og bokprosjekt som er viktige for nynorsken.

Bli medlem av Vennelaget!

Alle som er interessert i nynorsk kan melde seg inn i Samlagsrota. Medlemmene får informasjon om aktivitetar og nye bøker, går gratis på arrangementa og kan elles delta i alle prosjekt og tiltak som Vennelaget engasjerer seg i.

Billige bøker
Som medlem får du to gonger i året tilbod om bøker som har fri pris med minst 50% rabatt!

Arrangement

Samlagsrota har fire medlemsmøte i året. I 2013 omfatta programmet Astrid Dypviks bok om DDR, Marit Eikemos forfattarskap, ungdomsbokforfattarane Lars Mæhle og Terje Torkildsen, Ottar Grepstads historie om Ivar Aasen.

2014: Einar Øklands forfattarskap, Gunnar Danbolts bok om moderne norsk kunst, Alfred Fidjestøls bok om Askerkretsen, Norsk Ordbok.

2015: Jon Fosses bok Mysteriet i trua, Jon Hellesnes: Ballongferda og andre skriftstykke,

Jan Inge Sørbøs Garborg-biografi, Syn og Segn nr. 4 2015

2016: 8. mars-arrangement: Kjartan Fløgstad samtalar med Marit Eikemo, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Ruth Lillegraven, Olaug Nilsson, Agnes Ravatn, Gunnhild Øyehaug; 

Magnhild Folkvord om Betzy Kjelsberg; Jørgen Norheims roman Aldri redd for mørkets makt; Lorca-kveld med Tove Bakke, Ragnar Hovland og Karl Seglem.

Vi inviterer også til samlingar i forlaget for å dyrke det gode samværet og humøret! Her får du vere med og drøfte spørsmål og oppgåver som er viktige for nynorsk litteratur og språk, møte aktuelle forfattarar og høyre om kommande utgjevingar.

Nynorske turar

Vennelaget Samlagsrota ønskjer å arrangere turar til nynorske møtestader.
Aktuelle turmål kan vere t.d. Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Poesidagane i Ulvik, Litteraturveka i Stavanger, Litteraturdagane i Vinje, forfattarheimar og litteraturdagar.

Hausten 2014 hadde vi omvising på Labråten i samband med boka om Askerkretsen.

 

Styre
Styre for Vennelaget blir valt på årsmøte. Styret i 2016 er: Audun Heskestad (leiar), Svenn Fosseng, Øystein Grønmyr, Synnøve Skjong, Arne Torp, Guri Vesaas.

  

Velkommen som medlem i 

E-post: Samlagsrota@gmail.com