Kjøpsvilkår

Så enkelt kjøper du bøker hos oss

Når du klikkar på handlekorgsymbolet under boka, blir boka lagd i handlekorga di øvst i høgre hjørnet. Du kan når som helst gå til handlekorga for å endre eller gjennomføre bestillinga di. Når du er klar til å betale, vil du bli guida frå handlekorga fram til kunderegistrering og betaling.

 

Registrering av informasjon

Vi registerer opplysningar om kunder berre i samband med sal. Informasjonen du oppgir, er konfidensiell, og vi sender ingen informasjonen vidare eller sel dei til tredje part. Registrerer du deg som mottakar av nyheitsbrev, vil berre namnet ditt og e-postadressa du oppgir bli brukt til dette formålet. Vi lagrar ingen opplysningar om kredittkort.

 

Portotakstar

Vi sender alle tingingar over 250 kr fraktfritt i Noreg.

For tingingar under 250 kr føljer vi Postens standard portotakstar.

 

Standard kjøpsvilkår

Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerettloven kan du lese her.

 

Angrerett

Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).

 

Feil ved leveransen

Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).

Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00

 

Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO