I prislønte Lars Mæhles første novellesamling, blir vi med ein hovudstups forelska gut oppover heissjakta i hans siste forsøk på å nå fram til jenta i sitt liv. Dei følgjande novellene portretterer andre menneske som også, på ulikt vis, er styrte eller til og med besette av kjærleiken. Det handlar om menneske i ein fase av oppbrot og forandring.
Novellene grip inn i og viser til kvarandre, menneska dukkar opp på nytt i seinare tekstar, og til slutt bygger samlinga seg opp mot ein storslått, dramatisk finale, der vi igjen møter guten og jenta frå den første novella.
Vil kjærleiken sigre til slutt?