Harry og Ivar i Junaited Statesen
Harry og Ivar er tilbake! Og dét i eit eventyr villare og meir fantastisk enn nokon kunne tru. Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas (som han trur han enkelt vil vinne), og er slemmare enn nokon gong Han hundsar stakkars Ivar rundt i tømmerhytta, dag som natt, og brukar opp alle pengane deira på karamellar og blåbærbrus. Berre for å nemne noko. Dårleg nytt: Deira store fiende og superskurk, Kameleonen, er rømt frå eit fluktsikkert fengsel. Godt nytt: Kameleonen er redd for hundar, også Kåre Albert - hunden til Ivar. Supert nytt: Vinnaren i plystre-VM får 100 000 dollars i moneys. Elendig nytt: Harry plystrar like surt som ei sur sursild. Og kva er eigentleg "løøøv" for noko rart? Og med på kjøpet får du: . 4 songar . 1 kryssord . Fantastiske teikningar av den store Per Dybvig!
Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.
Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.
Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO