Zweet
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Zweet

16–20 år
Kva er sanning, kva er løgn? Alarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje? Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint? Ulike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?
259,00 kr
Sider
190
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187342
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.