x2

Skjønnlitteratur

x2

Omsett frå svensk
Eit stadig foranderleg bygg. Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane «I skuggen av ein hare» (2001) og «Hüzun eller Den samanleggberre nasen» (2012) blir han utgitt på norsk for første gong. Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske og burleske samstundes som det ofte finst ein tydeleg understraum av melankoli og sorg i dei. Å lese den arkitektutdanna Björner Torsson kan vere som å vere inne i eit bygg av Hans Escher («men dette går då ikkje an!»), før ein i neste augneblink snarare må tenke på Kurt Schwitters' Merzbau. Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde - i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke. Etterord ved poeten Dan Gustavsson.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002144
Björner Torsson
Om forfattaren

Björner Torsson

Björner Torsson (f. 1937 – d. 2020) er busett på Gotland. Han er poet, arkitekt og tidlegare lærar på Tekniska högskolan i Stockholm. Han debuterte i 1964 med Duvan i oljeregnet og har fått ei rekkje prisar for forfattarskapen sin.