x2

Torsson, Björner

Eit stadig foranderleg bygg

Den svenske poeten Björner Torsson har gjennom 50 år stått støtt på ein plass heilt for seg sjølv. Med dobbeltutgivinga av samlingane I skuggen av ein hare (2001) og Hüzün eller Den samanleggberre nasen (2012) blir han
utgitt på norsk for første gong.

Torssons dikt er i stadig rørsle, med høg energi og ein heilt eigen logikk og sans for absurditetar og det skapande potensialet i språket. Dei er leikande, opprørske og burleske samstundes som det ofte finst ein tydeleg understraum av melankoli og sorg i dei.

Å lese den arkitektutdanna Björner Torsson kan vere som å vere inne i eit bygg av Hans Escher («men dette går då ikkje an!»), før ein i neste augneblink snarare må tenke på Kurt Schwitters’ Merzbau. Vi ser nærmast dikt bli til framfor nasen på oss: først presist oppbygde gjennom sterk sanselegdom, innfall og uventa bilde – i neste augneblink rivne ned eller korrigerte gjennom avbrot og distraksjonar. Dei skal alltid vidare. Til saman utgjer dei eit byggverk som, nettopp fordi det nektar å
stivne i ei form, står støtt på ein plass heilt for seg sjølv.

Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke.
Etterord ved poeten Dan Gustavsson.


ISBN: 9788234002137

Kategoriar: Kommande bøker, Lyrikk, drama og essay, Skjønnlitteratur,

Emneknagg: 2020,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay


Meir frå Torsson, Björner