InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Western Desert: noveller

Noveller om død.
Eit par er på reise i Afrika, og utset heimreisa: Dei har ikkje lenger nokon å komme heim til. Ein far sørgjer over tapet av kona, og vil berre forsvinne, men han har ei dotter å ta seg av. Ein forfattar går bort, og straks vil alle vise kor godt dei kjende han.
I Rønnaug Kleivas nye novellesamling møter vi menneske som får utfordra relasjonar, sjølvoppfatning og livsperspektiv. Dei mørke tematikkane i novellene er opplyste av Kleivas skarpe blikk, humoristiske replikkar og underhaldande refleksjonar.
429,00 kr
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.