«Vulkan» er ei kjærleikshistorie. Men kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For Anna sine foreldre innebar kjærleiken at Anna og mora hennar kom på krisesenter og måtte flytte til ein ny by.
For Chili, Anna si venninne, er det kjærasten Oscar som betyr alt, spørsmålet er om ho betyr alt for Oscar. Og for Anna sjølv er møtet med Idris noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigen veg i kjærleiken når ein blir vikla inn i alle andre menneske sine kjærleiksforhold.
Anna vil gjerne starte på nytt. Men det er vanskeleg å begynne på eit nytt kapittel når det første kapitelet aldri sluttar.