InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Vulkan: roman

16–20 årOmsett frå dansk
Om den sterke kjærleiken. «Vulkan» er ei kjærleikshistorie. Men kjærleik mellom menneske kjem til uttrykk på mange ulike måtar. For Anna sine foreldre innebar kjærleiken at Anna og mora hennar kom på krisesenter og måtte flytte til ein ny by. For Chili, Anna si venninne, er det kjærasten Oscar som betyr alt, spørsmålet er om ho betyr alt for Oscar. Og for Anna sjølv er møtet med Idris noko heilt spesielt. Men det er vanskeleg å finne sin eigen veg i kjærleiken når ein blir vikla inn i alle andre menneske sine kjærleiksforhold. Anna vil gjerne starte på nytt. Men det er vanskeleg å begynne på eit nytt kapittel når det første kapitelet aldri sluttar.
349,00 kr
Sider
155
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007804
Zakiya Ajmi
Om forfattaren

Zakiya Ajmi

Zakiya Ajmi (f. 1992) kjem frå Danmark og skriv bøker for barn og unge. Bøkene hennar handlar ofte om vald, grenser og identitet. Ajmi er utdanna frå Forfattarskulen for barnelitteratur København og er vald til ‘Den unge kunstnariske elite’ av Statens Kunstfond.