På kva grunnlag skaffar vi oss påliteleg kunnskap om verda? Kva er eigentleg vitskap? Dette er grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for eit kvart master- og forskingsprosjekt. For å svare på dette treng vi nokre knaggar til å orientere oss i ulike måtar å tenke og forske på. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.
Boka er bygd opp i fire delar. Den første delen er ein introduksjon til sentrale omgrep, tankemåtar og vitskapsteoretiske retningar. I resten av boka presenterer vi korte døme i vitskapsteoretisk bruk skrive av ei rekke forfattarar frå språkfag, samfunnsfaga og estetiske fag. Del to handlar om akademisk skriving og ulike måtar å forske på. I del tre ser vi på tekstanalyse, med konkrete døme på koplinga mellom vitskapsteori og tekstanalyse. Den siste delen tek føre seg nye retningar i utdanningsfeltet, slik som posthumanisme, digitale verdsrom og kampen om kunnskap.
Erlend Eidsvik er geograf og professor ved Høgskulen på Vestlandet og UiT Norges arktiske universitet og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne særleg innan berekraft, klimadanning, geografi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.
Edit Bugge er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.