Vinden og kattane: roman

Barn og ungdom

Vinden og kattane: roman

16–20 år
Kompromisslaust om å vere ung. Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng. Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik. "Ikkje tenk på verdsrommet, plar mor mi seie, ikkje tenk på det endelause, då blir du galen. Røynda og livet er vanskeleg og ubegripeleg nok. Eg løfta blikket og såg på alle stjernene som blenkte." Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar og dramatikar frå Vartdal på Sunnmøre. Kleiva har gitt ut ei lang rekke bøker for barn og vaksne.
229,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003929
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.