Helse og sjukdom, liv og død, er grunnvilkår i alle menneskeliv og samfunn. I dette oversiktsverket følgjer forfattaren hovudlinjene i medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid. Kva slags syn har ein til ulike tider hatt på sjukdom og dei sjuke, og kva slags vilkår har ein bydd pasientane? Og korleis har eit skiftande sjukdomsmønster bidratt til å forme framveksten av medisinsk vitskap og praksis?
Etter ein introduksjon til medisinsk historie som forskingsfelt, følgjer ei oversikt over kva kunnskapsparadigme og sjukdomsteoriar som har rådd opp gjennom historia.
Boka tek vidare opp framveksten av sjukehusvesenet, helseprofesjonar og ulike førebyggingstiltak. Endra sjukdomsoppfatningar, pasienterfaringar og medisinsk etikk er tema i siste del av boka. Hovudvekta i framstillinga ligg på norske forhold, men dette blir sett i lys av internasjonale impulsar og utviklingstrekk. Boka er skriven for studentar i medisin og helsefag og i historie og kulturfag..
Sitat frå melding
Viljen til liv er preget av et svært grundig og omfattende arbeid og vitner om en voldsom kunnskapsmengde hos forfatteren. Boken er en bragd. Den henvender seg til mange – og fortjener også å bli lest bredt.
Ketil Slagstad, Tidsskriftet Den norske legeforening