InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Verdas rikaste tjuv

3–6 år
«Frisk bokkunst med kraftfull moral i rett tid [.] Den tredje boka om den vesle tjuven som ikkje ville vere tjuv er ei kroningsferd.»
— Janne Karin Støylen, Bergens Tidende
Ekte vennskap Kjell er fødd inn i ein tjuvfamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sender mora til Kjell han på korpsøving. Når ikkje du vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument, meiner ho. Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset. Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han kan for få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg?
329,00 kr
Sider
40
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001567
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Med høstens bok, «Verdas rikaste tjuv», har det blitt en av nyere tids fineste trilogier for barn.»

— Karin Haugen, Klassekampen

«En av årsakene til hvorfor kaoset fungerer er Engedals stilsikre karikering av mennesker og natur. Bøkene har en tiltalende blanding av teknikker og rike fargepaletter. (...) Spenningen mellom barn og voksnes regler er en kilde til energi i «Verdas rikaste tjuv».»

— Emilio Sanhueza, Aftenposten

Marianne Gretteberg Engedal
Om forfattaren

Marianne Gretteberg Engedal

Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen og har gitt ut ei rekke kritikarroste bildebøker. For Pølsetjuven frå 2019 fekk ho både Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris.

Litterære prisar:
Kulturdepartementets bildebokpris 2019
Nynorsk barnelitteraturpris 2019