E-bokFleire format
Generell litteratur
Verda mi smeltar: å leve med klimaendringar på Svalbard
«Ei gripande, kraftig bøn mot klimakatastrofen»
— 3SAT "Kulturzeit
I 2015 gjekk det eit digert snøskred midt i Longyearbyen. Ei jente og ein familiefar døydde. Hausten etter gjekk det fleire jordskred, før eit nytt snøskred rasa inn i eit hus i sentrum. Noko er gale på Svalbard. Sidan 1961 er øygruppa varma opp seks gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.
Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar der og kallar plassen for heime. Brått kjenner ho seg uroleg når det er varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer med byen hennar?
På leit etter svar snakkar ho med skredvarslingsmeteorologen som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg, reiser på tokt for å forstå havstraumane, jaktar fossil frå dei historiske Svalbard-skogane og støyter på tre isbjørnar på tur med ungane. Gjennom året følgjer ho òg arbeidet med å sikre Longyearbyen mot naturfarane.
Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leve midt i klimaendringane.
299,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
2 omtaler
««Denne lettlesne og engasjerande boka burde ha stort potensial til å skape forståing for alvoret blant fleire»»
— Klassekampen
«Ein rapport frå fronten om kampen mot klimaendringar, opplysande og rørande.»
— Focus




