Vargvinter

Kolbjørn Brekstad |
Innbunden | ISBN: 9788252156614

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price300 kr

Vargvinter er den andre boka Kolbjørn Brekstad har skrive om ungguten Rein Lodinsson. Det syngande sverdet, som kom i 1999, fekk svært god mottaking, ikkje minst fordi romanen kombinerer drivande god og spennande forteljing med evne til innleving i ei tid og eit samfunn som sjeldan har vore skildra skjønnlitterært. Det handlar om folkevandringstida (ca. 300-500), ei tid med store endringar i dei norske bygdene. Dei bufaste bøndene blir truga av inntrengjarar som fer svært hardt fram, og blir tvinga til å organisere seg i kampen mot fienden.

I Det syngande sverdet fekk vi høyre om bygginga av bygdeborga og forsvaret av den i Vargvinter møter vi Rein Lodinsson som ung bonde på farsgarden Vik. Resten av familien hans er utrydda av inntrengjarane, men heldigvis har han den frigitte trælen Eik Rannason og trælkvinna Atja til å hjelpe seg med gardsdrifta. Det er vinter, og ulven tutar i skoddetunge lier. Rein er eit høvding-emne og har ein sentral rolle når bøndene møtest til tings. Men han har hatt sterke og skakande opplevingar og må ta ansvar som veg tungt på ein gut på hans alder. Og inntrengjarane let seg ikkje stanse av djupsnøen.

Du likar kanskje desse

Sist sett på