Skjønnlitteratur

Var det grønt: dikt

«Ida Hove Solberg kaster diktene sine ut i et rom som setter både tanker og følelser igang, det er en særdeles god debutbok, helt haraball.»
— Klassekampen
Kven skal gråte for den siste haren? Var det grønt er ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest, som spring ut av ein klar augeblink i ei elles mørklagd verd. I den stunda da tilværet tar slutt, grip dikta etter det som var, glimt frå ein morgon ved frukostbordet, lydane frå ein radio, ein platespelar eller ein trikk, ei gryande kjensle av at noko er i endring: minne som er i ferd med å forvitre saman med elgen og haren, med eksistensen og ordet. vil hugse men den eine lukta solvarm stein er eitt med den eine smaken sandkorn det eine minnet skrifta i greinene er eitt med det eine håpet var det grønt
299,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000973
Meldingar

Sagt om boka

3 omtaler

«Lovende debut. (...) Vi kan plassere Solberg i en økopoetisk tradisjon, hvor vi blant andre finner solide poeter som Kristin Berget. Diktene i Var det grønt oppleves presserende og akutte. De viser ikke bare at mye står på spill, men de maner også til protest. Var det grønt er rett og slett et skeivt, økopoetisk kampskrift.»

— Aftenposten

«På sitt beste får Ida Hove Solbergs undergangsdikt hårene på armen til å reise seg. Slike dikt trenger vi når verden vakler.»

— Morgenbladet

«Var det grønt er et skarpt blikk på vår tid. Diktsamlingens enkeltdikt skaper en helhet . et øyeblikksbilde . av en polarisert verden i klimakrise og med svekkede mennskerettigheter. (...) Det store og det lille er elegant forbundet, og befester kvaliteten på denne debuten.»

— Aftenposten

Ida Hove Solberg
Om forfattaren

Ida Hove Solberg

Ida Hove Solberg (f. 1987) kjem frå Leksvik og bur i Oslo. Hen har i samarbeid med Sindre Andersen gjendikta Athena Farrokhzad og Svetlana Cârsteans Trado (H//O//F 2021) og Terrance Hayes’ Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar (Samlaget 2022) i samarbeid med Sofia Knudsen Estifanos. Var det grønt er debutboka hens.