Vandreduene: lyriske stykke

Skjønnlitteratur

Vandreduene: lyriske stykke

«Alt eg seinare har skrive, tykkjest ha sprunge ut frå teksttypane i Vandreduene, som om boka var ei arkivmappe med fleire rom der inspirasjonar, skrivemåtar, tematikkar o.a. har sine respektive lommer,» skriv Einar Økland 40 år etter utgiviga av Vandreduene. I dei freidige, uslipte, inkluderande, avrunda og kantete dikta i Vandreduene ligg heile forfattarskapen til Einar Økland i kim. Boka kom ut i 1968, men desse vengetaka framstår friske også i vår tid. Dette er ei ny utgåve i høve Einar Øklands 70-årsdag, med etterord av forfattaren sjølv.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190403
Einar Økland
Om forfattaren

Einar Økland

(f. 1940) debuterte med diktsamlinga Ein gul dag i 1963. Han er rekna som ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur og har gitt ut over 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar, og mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Doblougprisen og Gyldendalprisen.