InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Utveg: roman

16–20 år
«Handlinga er godt fortald, heilt utan daudpunkt. Sjølv ganske kvardagslege situasjonar blir temmeleg god lesnad. Det er lett å leva seg inn i boka.»
— Framtida.no
Når alt ikkje er som det ser ut. Johanne går andre året på vidaregåande og har allereie begynt å planlegge framtida si når ho er ferdig på skulen. Ho vil studere psykologi, flytte ut av den tronge bygda og oppleve verda. Men foreldra har andre planar for henne, dei vil at ho skal overta slektsgarden. Gjennom nokre varme veker i mai blir Johanne tvinga til å ta eit oppgjer med familien sin, venene sine og ikkje minst med seg sjølv. Skal ho halde fram den nye venskapen med Linn, sjølv om Linn heng med rånarane og er så annleis enn ho sjølv? Skal ho ta over garden eller bryte med tradisjonen? Og korleis skal ho stille seg til familiehemmelegheitene som plutseleg dukkar opp? "Utveg" er ein roman om venskap, om det å vekse opp og finne ut at vaksne ikkje alltid gjer det rette, og kanskje finne nye vegar ein ikkje visste fanst.
349,00 kr
Sider
151
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012112
Meiningar

Det kritikarane seier

2 omtaler

«underhaldande om venskap og løyndommar ... Utveg er ei godt komponert ungdomsbok. Ho er lett å pløya seg gjennom og særs engasjerande ...»

— Framtida.no

«Mange unge vil kjenne seg att i lausrivingsprosessen. Språket er klårt og kapitla korte og effektive ... [E]in høgst leseverdig og spennande roman for ungdom.»

— Periskop

Erling A. Westgaard Flote
Om forfattaren

Erling A. Westgaard Flote

Erling A. Westgaard Flote (f. 1983) har mastergrad i historie og arbeider som lektor i den vidaregåande skulen. Utveg er den første romanen hans.