Utstyrstekstar: prosa

Skjønnlitteratur

Utstyrstekstar: prosa

Original og underhaldande prosasamling Tekstane i Arne Henning Årskaugs debutbok er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep. I opningsteksten er det er sjølve leilegheita som fortel om det unge paret som har flytta inn. Leiligheita er ikkje særleg optimistisk til at kjærleiken vil vekse og vare. Det kjem til å kome betre kjærleikar er refrenget frå ei leilegheit som har sett og høyrt det meste. Seinare i boka møter lesaren mellom anna eit par døddrukne og utrangla vener på nattbussen, der svingane styrer både kropp og forteljing, og nokre nyfikne kafégjestar som vert pressa til gje slepp på den daglege tralten sin for å forfølgje ei kvinne til verdas ende. I den siste teksten får ein representant frå paret i byrjinga høve til sjølv å snakke ut, no som eldre og klokare. Korleis har det gått med kjærleiken? Fekk leilegheita rett i dei dystre spådommane sine? I Utstyrstekstar skapar både karakterar og forteljingar seg så godt dei kan i møte med alt kaklet og skaket som råkar dei på ulikt vis, utan at det nødvendigvis hjelper noko særleg.
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188271
Arne Henning Årskaug
Om forfattaren

Arne Henning Årskaug

Arne Henning Årskaug (f. 1985) kjem frå Holsen i Sunnfjord og bur i Oslo. Han debuterte i 2015 med prosasamlinga Utstyrstekstar. Skap & Sørg kom i 2022. Årskaug fekk Bokhandelens forfattarstipend i 2022. Han arbeider som bibliotekar.

Foto: Agnete Brun