Skap & sørg: eksessar om gørra vi ber på

Arne Henning Årskaug |
Digital lydbok | Arne Henning Årskaug (Innlesar) | ISBN: 9788234008887


Pris:
Salspris379,00 kr

Om boka

Balstyrig og burlesk showtunesprosa. «Skap & Sørg» er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvillig set seg ned og skapar ei verd som minner mistenkjeleg om vår eiga, og til og med deg sjølv ei natt du har vanskar med å få sove. I «Skap & Sørg» utforskar Arne Henning Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre, alle dei gørre livsvilkåra ein må hanskast med anten ein vil eller ikkje, på sitt eige gjenstridige og usjenerte vis.

Sitat frå melding

«Sidan han som skriveglad og skrivefør - morosam også - forfattar debuterte med «Utstyrstekstar» i 2015, har Årskaug finslipt ein stil som var oppsiktsvekkande alt då. Nå er han beint fram (samanlikna med det meste eg har lese) heller eineståande med sine orglade og ordhage eksessar» - Jan Askelund, Stavanger Aftenblad «Årskaug er en språkbegavelse [...] Boka er prega av en språk(selv)bevissthet som er sjelden i norsk prosa, ja, som kanskje heller hører poesiens verden til for måten den bruker klang, rytme, ende. og bokstavrim og et befippende ordforråd, inklusive nydannelser og antikvariske ordoppgulp fra fortida . alt skrevet på et kvast, temmelig utfordrende nynorsk» - Even Teistung, Klassekampen «en leserhenvendt fest av en roman [...] med en slik brodd og snert og glimt i øyet at det bare er å legge boka pent i fanget så du ikke bretter sidene, og le og smile ferdig før du tar boka opp igjen for å lese videre, til du trenger gjøre samme øvelsen en gang til.» - Joakim Tjøstheim, @litteraturviteren «[N]oe av det morsomste og mest overskuddspregede jeg har lest fra en norsk forfatter på en stund.» - Kenneth Moe, Aftenposten

Du likar kanskje også

Sist sett på