Usynlege trådar i strikkekunsten

Annemor Sundbø

Ei inspirasjonsbok for alle strikkeglade og alle som er interesserte i kleshistoria vår. Annemor Sundbø utforskar norsk strikketradisjon og kulturhistorie i Usynlege trådar i strikkekunsten. Med strikkemønster og diagram.

Annemor Sundbø er primus motor i strikkenettverk i Noreg og ein kjend kurshaldar i inn- og utland. Strikkeinteressa hennar begynte for alvor då ho overtok ein sjoddyfabrikk ved Kristiansand, ein fabrikk som resirkulerer ull. Her låg lagra fleire tonn med klede som folk hadde levert inn – filler og undertøy, vottar og kofter med alle dei kjende og populære mønstra som vi hugsar frå tiår tilbake. Frå dette byrja ho å nøste opp tråden til den rike strikketradisjonen som finst i landet, og tilbake til den tida då kvinner nedla tusentals timar i spinning, strikking, lapping og bøting.

Frå innhaldet:
  • ullbehandling og spinning
  • folketru og symbolikk i strikkemønstra
  • den første norske strikkinga
  • den norske strikkemoten: Setesdalskofta og selbustrikk
  • kor kjem mønstera frå? Fanakofta, rosetrøya og sponsetrøya
  • ny interesse for gjenbruk og "second hand"
  • stopping - nyttige tips frå våre formødrer

I tillegg inneheld boka ca. 22 oppskrifter på enkle plagg og gåvegjenstandar – tøflar, grytelappar, handleddsvarmarar, vantar og vottar, småtussar og dyr, englar etc. Spennande teknikkar gjer at du kan strikke dette utan å bruke anna enn enkel rettstrikk! Diagramark viser ei mengd mønster i selbustrikk, frå stjerner og bordar til dyr- og fugle-mønster.

Annemor Sundbø har tidlegare utgitt Kvardagsstrikk – kulturskattar frå fillehaugen (1994, 2003) og Lusekofta fra Setesdal (1998).


ISBN: 9788252165593

Kategoriar: Annemor Sundbø, Fakta og dokumentar, Strikk

Emneknagg: 2005, Innbunden, strikk

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Annemor Sundbø