USAs politiske historie

James Godbolt |
Hefta | Sidetal: 204 | ISBN: 9788234012846


Pris:
Salspris299,00 kr

Om boka

Boka gir eit oversyn over USAs politiske historie frå sjølvstendeerklæringa i 1776 og fram til presidentperioden til Joe Biden. Sentrale tema i framstillinga fram til 1900 er utviklinga av folkestyre og politiske institusjonar, borgarkrigen, vestleg ekspansjon og politiske utfordringar skapt av industrialisering og innvandring. På 1900-talet handlar det om framveksten av ei sterk føderal makt, spesielt presidentmakta, USAs leiande rolle i internasjonal politikk og demokratiutviklinga. Ei sentral problemstilling er korleis USA vart den mektigaste stormakta på 1900-talet, og kva for følger det har hatt for amerikansk politikk. Boka avsluttar med eit innblikk i amerikansk politikk etter den kalde krigen, som i aukande grad har vore prega av indre politisk polarisering og utanrikspolitisk motbør.

UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.

Du likar kanskje også

Sist sett på