Kan Hannah skrive sin andre kriminalroman, oppklare eit mord og samstundes handtere eit trekantdrama?
Forfattaren Hannah Krause-Bendix slit med ulykkeleg kjærleik og skrivesperre. For å finne ro og inspirasjon blir ho send til Sicilias blendande sol, til ein villa med utsikt over havet – her skal ho skrive oppfølgjaren til den store krimsuksessen. Villaen er som skapt for skriving, men tastaturet står stille. I staden let Hannah seg lokke ut i det solblenkande landskapet, til tronge smau, lokale kafear og late dagar ved havet. Ferieidyllen slår sprekkar idet ho vaknar opp midt i eit mordmysterium – og innser at ho sjølv er blant dei mistenkte. Mot politiets ordre bestemmer Hannah seg for å løyse saka sjølv, slik berre ein forfattar med for mykje fantasi kan gjere. Til si eiga overrasking får ho uventa hjelp av ein sjarmerande, ung italiensk betjent. I bakgrunnen lurer det uavklarte forholdet til den islandske kjærleiken. Under ei blendande sol er ein frittståande oppfølgjar til Jenny Lund Madsens internasjonalt kritikarroste og prisvinnande debut Tretti dagars mørke og den andre boka i øy-trilogien om Hannah Krause-Bendix. Ein elegant og forførande krim der middelhavsidyll og mørke løyndomar kolliderer.