InnbundenFleire format

Generell litteratur

Trollefossvegen 23: tilbake til heimbygda

«Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.»
— NRK
Ei bygd, eit hus, ein mann og ein draum. Kva for nye sjansar kan opna seg om ein lukkar alle dører, bortsett frå ei? Siri Helle hadde lenge drøymt om eigne poteter og grønsaker, tuntre og dyr, men kjøpekontrakt, bustadlån og same utsikt kvar dag skremde henne. Som vaksen har ho flytta over tretti gonger. Ein dag tek Siri Helle det store steget og flyttar heim til Holmedal i Sunnfjord. Saman med sambuaren og snikkaren Asle kjøper ho eit hus, eit uthus og nesten to mål jord i eit klyngetun. Her vil dei bu for alltid. Men klarar ho å finne ro? Siri Helle gjev seg sjølv eitt år. Eitt år på å finne ut om ho passar til dette livet, om ho kan seia seg nøgd med å ha flytta attende til heimbygda. Ho snikrar, dyrkar, jaktar, fiskar og skaffar seg to- og firbeinte venner. Og kjenslene spenner frå mørk fortviling til glimt av ekstatisk lukke. Dette er ei forteljing om ein heim og om arbeidsglede, men er også ei kjærleikshistorie. Det handlar om å vera to om det store prosjektet. Kva nye sjansar opnar seg når ein lukkar alle dører bortsett frå ei? Bli med til Trollefossvegen 23. «Skal du bare lese én bok i år om å etablere seg på nytt i bygda der du vokste opp, må det bli denne.» - Knut Hoem, NRK
429,00 kr
Sider
213
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008498
Siri Helle
Om forfattaren

Siri Helle

Siri Helle (f. 1982) er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho arbeider som skribent, journalist og snikkarassistent. Helle har blant anna gitt ut Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks (2014), Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid (2020), og Trollefossvegen 23. Tilbake til heimbygda (2022).