Tragedien Umberto Nobile
Innbunden

Tragedien Umberto Nobile

Umberto Nobile var verdas fremste luftskipspionér. Han konstruerte og førte luftskipet "Norge" under Roald Amundsens polferd i 1926. To år etter drog Nobile ut på eigen ekspedisjon med luftskipet "Italia". På veg heim havarerte han i isaudet på Svalbard. Store redningsaksjonar vart iverksett. Sjølvaste "nasjonalhelten" Amundsen styrta med sjøflyet "Latham" i forsøket på å berge Nobile. Nobile overlevde, men vart jaga rett ut av landet, og for all ettertid forfølgd av hat og fornedring.

For første gong får vi ei bok på norsk om Umberto Nobile. Denne boka følgjer den tragiske historia om Umberto Nobile frå innsida, slik han sjølv opplevde den. Eit samansett og uhyre spennande menneske stig fram. Boka er rikt illustrert med nye bileter frå sjølve ekspedisjonen, samt illustrasjonar.

449,00 kr
SA
Om forfattaren

Steinar Aas

Steinar Aas (f.1965), Dr.art., kjem opprinneleg frå Bodø, er for tida tilsett som kontorsjef ved Institutt for historie på Universitetet i Tromsø. Han har skrive bind 1 av Narviks byhistorie og har forska på tema kring økonomisk og kulturell modernisering på 18- og 1900-talet, bruk av historie og om historisk minneproduksjon, særleg relatert til identitetsbygging og krigsminne.

Meir om Steinar Aas →