InnbundenFleire format
Generell litteratur
Tolv dagar i april: ei odelsjente fortel
«Tolv dagar i april. Ei odelsjente fortel er ein god dokumentasjon i skrift og bilete av eit lite stykke Noreg som er i ferd med å forsvinna. Og av ansvaret ein kan kjenna på for å ta vare på det. (...) Nyborg [klarer]...»
— Leif Tore Sædberg, Dag og Tid
Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.
Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?
Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første sakprosabok.

449,00 kr
Meldingar
Sagt om boka
1 omtale
«I møte med Nyborgs fotografier tenker jeg på matlagre, forsyningslinjer og min egen kropp. Jeg blir akutt bevisst om hvor revnende likegyldig spørsmålet er om hvor jeg vil bo, hvis jeg ikke kan spise. Innsikten er åpenbar, men fotografiene gjør den akutt. ... Nyborgs prosa [minner] hele tiden leseren på forholdet mellom menneske, dyr, ressurser og tingenes tilstand på middagsbordet.»
— Anna Serafima Svendsen Kvam, Morgenbladet