InnbundenFleire format

Fagbøker

Til trøyst: å gje språk til psykiske kriser

Medisinen har ikkje eit godt nok språk for dei kjenslene og erfaringane folk får ved psykiske sjukdommar og plager. Jan Inge Sørbø viser at det er litteraturen som er den store og romslege kjelda til slik innsikt og forståing. Dette kan ikkje erstatta diagnosesystema og fagkunnskapen, men litteraturen kan supplera og stundom korrigera dette.

Det skarpe skiljet mellom frisk og sjuk, galen og normal, er gjerne mindre viktig i skjønnlitteraturen. Vi møter ofte innsiktsfulle og kloke røyster som har erfaringar på begge sider av slike skilje. For den som sjølv kjempar med slike vanskar, kan det liggja både gjenkjenning og trøyst i gode romanar og dikt.

Sørbø gir døme frå bøker av m.a. Beate Grimsrud, Olav H. Hauge, Karin Fossum, Arne Garborg, Alfred Hauge, Gunvor Hofmo, Göran Tunström og Lars Amund Vaage.
429,00 kr
Jan Inge Sørbø
Om forfattaren

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.