HeftaFleire format
Skjønnlitteratur
Til jord skal du bli: roman
«Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!»
— NRK
Tragikomisk noir frå Finnskogen.
Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»
249,00 kr
Meiningar
Det kritikarane seier
3 omtaler
«Dette er eit sprelsk, herleg, småvittig og absurd lite kammerspel frå tjukkaste bygde-Noreg. Det er rett og slett umogleg å ikkje la seg sjarmera i senk av dei kostelege karakterane Totland har snekra saman.»
— Goodreads
«En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman.»
— Stavanger Aftenblad
«Desemberkald action og gode skildringer dyttet meg fra side til side og fikk meg til å le høyt ved flere anledninger.»
— Birøkteren





