frå kritikarroste Ocean Vuong.
I si andre diktsamling leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til.
Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris.
Dikta til Vuong krinsar kompromisslaust, nakent og overgivande kring fragment av liv for å finne støtte, men òg ei meining i eige tilvære.
«Tida er ei mor» er eit ømheits-testament i ei valdeleg tid.
Boka er gjendikta av Mathias R. Samuelsen.
Ocean Vuong
Ocean Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017.
Vuong har blitt omsett til ei rekkje språk og har tydeleg treft noko hos lesarar over heile verda. Dei to bøkene som har kome ut til no, Natthimmel med kulehòl (Samlaget, 2019) og På jorda er vi glimtvis vakre (Pelikanen, 2019), handlar om oppveksten som skeiv, fattig, asiatisk-amerikansk og korleis vegen hans til å bli forfattar har vore. Ocean Vuong har ei eiga evne til å skildre det vanskelege og vonde med slåande skjønnheit og innsikt.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO