Skjønnlitteratur

Team Tuva: roman

«Overbevisende og innsiktsfullt om fellesskap og hva den enkelte kan bety for andre [...] Eikemo er kjent for å ta temperaturen på samtiden. Så også i denne romanen, som overbeviser med sin betoning av fellesskapet og ...»
— Stavanger Aftenblad
Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin, ein gong for alle. Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen? «Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.
329,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006517
Meldingar

Sagt om boka

5 omtaler

«Eikemo byr på treffsikre observasjonar. Ho kombinerer det fåfengde og latterlege med ei overberande haldning.»

— NRK

«Snerten underholdning!»

— VG

«kriblande tankestoff»

— Klassekampen

«Marit Eikemo tar originale grep i ein roman om vår krevjande og forvirrande tid [...] På eit liketil og sympatisk vis tematiserer Team Tuva den gamle sanninga om at kvar gong du står overfor ein annan, held du for ei kort stund lagnaden til det andre mennesket i handa di. [...] Ved å følgje Tuva og teamet hennar nokre timar kan ein på lettlese vis bli litt klokare på korleis vi lever livet vårt akkurat no.»

— Dag og Tid

«Marit Eikemo briljerer igjen, og tar oss på kornet»

— Hardanger Folkeblad

Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: