"Edmund Austigard høyrer til i det absolutte tetsjiktet i det sterke nynorske humorfeltet, saman med moromenn som Ragnar Hovland og Are Kalvø. Den som likar dei, vil ha det topp saman med Austigard."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"[...] en moderne fabel [...] Grunnlaget for dette ligger i humoren, men det er evnen til å karikere folkeslag og personer som hever boken opp fra Erlend Loe-stadiet."
Erle Marie Sørheim, Morgenbladet
"Det er en fortelling som sprenger seg ut av dusinet, ut av realismen, og som hever seg ved hjelp av en god porsjon sjarm."
"Med Taxi for B.A. Becström viser Austigard igjen at han er eit talent utanom det vanlege, og at han har tatt eit steg vidare i den fløgstadske magiske realismen som synest vera den litterær tradisjonen han skriv seg inn i."
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
"Romanens grenseløse og elleville skildring av denne originalen av et menneske beveger seg fritt og vektløst mellom magisk realisme, skarp samfunnsanalyse og varm menneskeskildring. Riktig en höjdare, for å si det med B.A. Beckström med svenske røtter."
(f. 1964) debuterte i 2005 med den kritikarroste romanen Krinsereglane og følgde opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008, og Solskinsbussen i 2011. Debuten, Krinsereglane, er ei alvorleg, men samtidig svært humoristisk bygdekrønike, ein kollektivroman og ein skarp analyse av mellomkrigstida. Boka har blitt sett i samband med ei fornying av sjangeren bygdedikting som gjorde seg gjeldande tidleg på 2000-talet. Det absurde frå debutromanen er ført vidare i roman nummer to, men der ei heil bygd fekk spele med i Krinsereglane, er det i Taxi for B.A. Beckström éin person som får stå i sentrum. For denne boka fekk Austigard Sigmund Skard-Stipendet i 2008.
Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. Han har óg bakgrunn frå Aschehougs forfattarskole.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO