"Etter å ha glist og fnist lenge i øsregnet; vi har så visst å gjøre med en stor stilist!"
Stein Roll, Adresseavisen
"Personleg kunne eg ha utropt denne boka til kultbok før ho er lansert. Så snål og morosam synest eg ho er."
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid
"Vellykket surrealistisk/komisk historisk debutroman fra norsk 1920-tall. Intet mindre. En av bokhøstens mest originale romaner går inn i norsk historie med surrealistisk pågangsmot."
Trygve Riise Gundersen, Dagbladet
"Årets morsomste - og mest interessante - skjønnlitterære debut"
Trond Haugen, Dagsavisen
"Eg lo så eg hiksta etter luft! ... Det blei klårt for meg, medan eg las debutromanen til Edmund Austigard, her har vi med eit verkeleg nytt, litterært talent å gjere"
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
"Edmund Austigards debutroman er en vilter, morsom og skarp bok ... Men jeg er faktisk like imponert som de andre anmelderne, så jeg håper bare forfatteren tar til seg all rosen. Og skriver flere bøker... Årets debutant, det er ingen annen enn Edmund Austigard. Og dermed basta."
Inger Marie Kjølstadmyr, Nationen
"Edmund Austigard frå Årdal i Hjelmeland gjer ein mogen og elegant romandebut."
"Dette er haustens litterære opptur... Debutanten Edmund Austigard (til og med namnet er prosalyrisk) har rett og slett skrive ein knakandes god roman. Krinsereglane er ein trykkokar av høg litterær kvalitet."
Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land
Edmund Austigard
(f. 1964) debuterte i 2005 med den kritikarroste romanen Krinsereglane og følgde opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008, og Solskinsbussen i 2011. Debuten, Krinsereglane, er ei alvorleg, men samtidig svært humoristisk bygdekrønike, ein kollektivroman og ein skarp analyse av mellomkrigstida. Boka har blitt sett i samband med ei fornying av sjangeren bygdedikting som gjorde seg gjeldande tidleg på 2000-talet. Det absurde frå debutromanen er ført vidare i roman nummer to, men der ei heil bygd fekk spele med i Krinsereglane, er det i Taxi for B.A. Beckström éin person som får stå i sentrum. For denne boka fekk Austigard Sigmund Skard-Stipendet i 2008.
Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt og har i tillegg to mastergradar frå USA i finans, politisk økonomi og marknadsføring. Han har óg bakgrunn frå Aschehougs forfattarskole.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO