Nyttig og populær handbok for studentar og andre som skriv fagtekstar. Boka gjer deg medviten om eigen skriveprosess, og gir praktiske råd og vink.
Boka byggjer på prosessorientert skriving og set søkjelyset på kva som skjer når vi skriv. Korleis kan vi løyse opp skriveblokkeringar, korleis kan skriving bli ei positiv utforsking av det vi kan?
Forfattaren tek for seg prosessen med utkast og respons, viser korleis ein kan organisere teksten og gir råd for god språkbruk.