Synd.no
Innbunden

Synd.no

Å føle eit uhemma begjær strøyme gjennom kroppen, å vere litt misunneleg når du treffer ein av dei irriterande gutane du gjekk på gymnaset saman med, som no har slått seg litt opp, eller å bli skikkeleg sint på til dømes dei ekle brørne sine - er det synd eller er det rett og slett sunt?

Kva med å vere så gjerrig at du nektar å gi tilbake flaskepanten, eller å fråtse i god mat og dyre vinar, eller å vere litt hovmodig for å vise at det faktisk er du som har rett? Eller kva med å kjenne det lette sløvsinnet kome når du køyrer bil gjennom Østerdalen og ser berre granskog og granskog og granskog. I mellomalderen var dette dødelege synder. I denne samlinga har sju forfattarar brukt dei sju dødssyndene som inspirasjonskjelde til ei forteljing om her og no.

429,00 kr
Marit Eikemo
Om forfattaren

Marit Eikemo

 

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Fotograf: Agnete Brun

Foto av Marit Aarekol og Marit Eikemo, tekne av Skjalg Ekeland: