Syn og segn. Hefte 2-2016

Knut Aastad Bråten

Les og lær meir om bevisstheitsforskar Johan Frederik Storm, som forklarar teorien og eksperimenta som kan endre verdsbiletet vårt. Temaartiklar om islam og korleis det er å vere ung muslim i Noreg i dag ved Assad Nasir, Lars Akerhaug, Fatema Al-Musawi og Nils Hallvard Korsvoll. Lena Ramberg i samtale med Aleksander Bern om aktivisme mot plassering av upopulære velferdstenester i eigen bakgard. Lars Lien skriv om «jøden» som konspiratør i norsk dagspresse, og Ingar Sletten Kolloen tek seks stopp i diktinga og livet til Tor Jonsson, som ville vore 100 år i år. «På skulen til dotter mi får dei ikkje lov til å kalle seg bestevener», skriv Monica Bjermeland, og kva drøymer unge asylsøkarar om, undrar fotograf Aleksander Andersen. Kva vil det seie å vere snill, spør redaktør Knut Aastad Bråten om i leiaren sin. Og museumsmann Per Magnus Finnanger Sandsmark tek oss med inn i museumsmagasina. Og som ikkje det skulle vere nok: Flu Hartberg teiknar vidare på folket på Nakkeskotseter.


ISBN: 9788252190052

Kategoriar: Syn og segn

Emneknagg: 2016, Hefta,

Sjanger: Tidsskrift



Meir frå Knut Aastad Bråten