Syn og segn. Hefte 1-2018: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk
Nettet kryr av mannsgrupper med menn som kjenner seg overkøyrde av kvinna og den såkalla vaginalstaten. #metoo har gitt kvinna eit språk og tatt ifrå mannen eit anna språk. Les samtale om den nye mannen i siste utgåve mellom forfattar Bergljot Kaslegard og filosof Helge Svare.
Rettssikkerheita i barnevernssaker er som eit morkent sikkerheitsnett som sjølv ikkje den mest vågale akrobat ville nytte seg av, skriv ekspertar. Er det slik? Kari Killén, Are L. Svendsen, Tore Nyseter, Bente Ohnstad, Einar C. Salvesen, Berit S. Øygard, Stine E. Vik og Rune Hausstätter tek eit kritisk blikk på barnevernet og nye aktuelle problemstillingar i sektoren i dag.
Doktorgradsstipendiat Unni Vik skriv om mikroorganismar, Ann Kristin van Zijp Nilsen om abort og Heidi Rohde Rafto om gifte homofile menn - i skåpet, i litteraturen. Den jødiske minoriteten i Noreg er liten og mangfaldig, merkt av Holocaust og antisemittisme. For journalist Dana Wanounou er dette ein viktig del av historia, samstundes som ho også opplever at det har vorte lettare å vera jødisk nordmann. «Allmenningen er ingen tragedie», skriv Ebba Boye. Og fotograf Anne-Marte Før har foreviga 16 år gamle Filippa Vik, som er elev ved Den Norske Ballettskole.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO