HeftaFleire format
Magasin / blader
Syn og segn. Hefte 1-2014: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk
Temaartiklane i fyrste utgåve handlar om kristenliv i 2014. Du kan òg lese om framtidas bibliotekarar, skrive av bibliotekar Mariann Schjeide. Halvor Fosli skriv om dei nye motkulturane og motkulturistane Jon Hustad og Hans Rustad, og ikkje minst: Samtale mellom Hans Olav Lahlum og redaktør Harald Stanghelle. Pål Veiden skriv om integrering i Wien: "Wien er ikkje blendakvit - Wien er ein innvandrarby."
110,00 kr
Om serien
Syn og Segn
Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike tidsskrifta for kultur- og samfunnsdebatt i Noreg, grunnlagt av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894. Tidsskriftet har alltid vore prega av dei norske motkulturane og folkerørslene, og er det einaste ålmennkulturelle tidsskriftet som blir gitt ut på nynorsk.
Sjå heile serien →
