I denne utgåva skriv Kathrine Kinn om å hoppe av hamsterhjulet og ta over ein gard som ikkje hadde vore i drift sidan 19770-talet. Maiken Skjørestad Granberg vil ta kontroll over maten.
Tale Hammerø Ellingvåg var tilskodar då Vålerenga spelte mot det palestinske landslaget, Jo Forbord Stavdal skriv om jiddisk, språket som aldri fekk seg ein flåte og ein armé, medan Audun Stokke Hole har funne eit språk i Syden, valnciansk, der den bestseljande boka heiter «Nourega».
Susanne Hætta har bygd seg eit loft, Herbjørn Andresen skriv om doxing og exposed-kultur blant hurtigløparar i Noreg på 1840-talet. Eivind Myklebust har lese opp at «v.» av Tony Harrison, eit langdikt som skapte furore i Storbritannia for førti år sidan. Peder Skjelten mista dagboka si i den mystiske skya og Arne Sunde prøver å finne ut kvifor vi les skjønnlitteratur