Strupesong
Hefta

Strupesong

Farga av italienske filmar

eller kanskje var det uroa i magen då eg såg ho stå

i det grådige lyset håret ville ikkje kveilast i knute, det

losna strå for strå, krølla seg i dampen frå baljen

Fellini hadde sagt skulle stå akkurat der

midt på golvet så alle kunne sjå

bogen av eit bryst og eg tenker

slik sto du på morkne plankar

med svarte auge og sa:

Eg heiter Katinka

Kven vil du ha?

429,00 kr
Tove Myhre
Om forfattaren

Tove Myhre

(f. 1964) fikk Blixprisen for debutboka Strupesong i 2004. I 2008 ga ho ut sin første roman Tivolireise. I Tivolireise mistar Lovise minnet, og dottera bestemmer seg for å skrive ned mora si historie – frå den dagen Lovise som nyfødd blei funnen på prestens trapp, til ho ligg døyande i senga på sjukeheimen. Slik blir Tivolireise ei reise i eit kvinneliv, ei forteljing om kjærleik og svik – og om alltid å vente på ein far. Myhre er frå Tromsdalen og arbeider som kulturjournalist i avisa Nordlys.