InnbundenFleire format

Generell litteratur

Strikk meir til nøstebarn

Boka Strikk til nøstebarn kom i 2007 og vart ein formidabel suksess. No kjem oppfølgjaren! Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka Strikk meir til nøstebarn. Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke. Denne boka inneheld flest oppskrifter til barn og fleire til vaksne enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Dei fleste oppskriftene er lette å strikke, men på nokre er det litt meir å bryne seg på. Garnet er det same gode: merinoull, silkeull og angoraull frå Nøstebarn. Nøstebarn brukar rein ull som ikkje er kjemisk behandla. Det gjer det trygt både for miljøet og for oss som skal strikke og bruka plagget. Garnet er godt å strikke av og det er eit vell av fine fargar å velje i.
429,00 kr
Sider
142
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184914
Kathrine Gregersen
Om forfattaren

Kathrine Gregersen

(f. 1975) er utdanna faglærar i kunst og handverk. Ho starta opp Nøstebarn-butikken i Oslo, og arbeidde i mange år med produktutvikling og marknadsføring for Nøstebarn. Kathrine Gregersen held kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og vaksne. Gregersen har tidlegare gitt ut boka Strikk til nøstebarn (2007) og Brukt på nytt (2008).