
LydbokFleire format
Generell litteratur
Stoisk uro: og andre filosofiske smular
2 t 50 min
«ei lett og godtskriven bok til å le både høgt og ofte av.»
— Dagsavisen
Korleis bli eit godt menneske?
På toppen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. «Gift deg eller gift deg ikkje, du vil angre på begge delar», tenkjer eg. Eg drar Minnie Mus-ringen fram og stikk han opp i ansiktet hans. «Vil du gifte deg med meg!?!»
Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske. På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.
379,00 kr
Meiningar
Det kritikarane seier
3 omtaler
«Det er ingen som kan tøyse på en så grundig måte som Agnes Ravatn. I sin utprøving av filosofihistoriens hovedretninger går hun både høyt og lavt, hun får meg til å le høyt samtidig som hun låner meg et overblikk som gir langt mer mening enn mitt første forvirrede møte med ex phil for tjuefem år siden.»
— Adresseavisen
«mi føretrekte motgift mot kaos.»
— Klassekampen
«en morsom, informativ og analyserende bok.»
— Bergens Tidende















