
E-bokFleire format
Generell litteratur
Stoisk uro og andre filosofiske smular
«en morsom, informativ og analyserende bok.»
— Bergens Tidende
Korleis bli eit godt menneske?
På toppen blir me ståande stille eit sekund eller to, vippande på kanten av stupet. No må det skje, tenker eg, eg drar ringen fram og lener meg over den vesle indaren, stikk Minnie Mus-ringen opp i ansiktet på han som sit fremst. «Vil du gifte deg med meg!?!» Er filosofi høgtsvevande og teoretisk visvas, eller kan det òg ha praktisk nytte? I denne underhaldande boka testar Agnes Ravatn ut korleis dei ulike filosofiske skulane fungerer i kvardagen, i eit halvhjarta forsøk på å bli eit betre menneske. På vegen mot det gode livet går ho på ski med Kant, arrangerer symposium i Platons ånd og trulovar seg etter råd frå Kierkegaard. Stoisk uro og andre filosofiske smular er ei sjarmerande samling tekstar som vekker både latter og undring.
299,00 kr
Meiningar
Det kritikarane seier
3 omtaler
«Det er ingen som kan tøyse på en så grundig måte som Agnes Ravatn. I sin utprøving av filosofihistoriens hovedretninger går hun både høyt og lavt, hun får meg til å le høyt samtidig som hun låner meg et overblikk som gir langt mer mening enn mitt første forvirrede møte med ex phil for tjuefem år siden.»
— Adresseavisen
«ei lett og godtskriven bok til å le både høgt og ofte av.»
— Dagsavisen
«mi føretrekte motgift mot kaos.»
— Klassekampen















