Stavanger stories II: novellekrans

Barn og ungdom

Stavanger stories II: novellekrans

12–16 år
Dobbelt Upris-vinnar med nye sterke forteljingar. Ei ulukke har aldri ei enkel årsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke på at dei kan få tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død - og alt innimellom, fortalde med både humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann - og også andre folk som er rundt dei. Betty er usikker på om ho kan stole på kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for å imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric må snike seg ut då han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan å vere klare over korleis handlingane deira påverkar personane rundt dei. Terje Torkildsen (f. 1971) er forfattar og komikar frå Stavanger og dobbeltvinnar av ungdommens eigen nasjonale litteraturpris, Uprisen.
249,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194555
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.