Barn og ungdom

Søvngjengaren

12–16 årOmsett frå engelsk
9. boka i den spennande CHERUB-serien Eit passasjerfly eksploderer over Atlanteren og 345 menneske døyr. Etterforskinga kan tyde på terrorisme, men politiet står heilt fast. Ein fortvilt tolvåring ringjer til politiet og seier at han trur far hans står bak eksplosjonen. Det kan vere eit gjennombrot, men dei har ingen bevis, og guten har ein bakgrunn prega av vald og kjenslemessige problem. Lauren Adams og Jake Parker blir sende for å undersøkje saka, men dei kan ikkje fordra kvarandre. Imens har James problem heime på CHERUB ... Dette er den niande CHERUB-boka. Serien har vunne fleire litterære prisar og blitt ein internasjonal suksess. Les også Rekrutten, Kokainkongen, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut og Gjengkrigen. Rekrutten finst òg som grafisk roman. Omsett av Øystein Rosse.
329,00 kr
Sider
329
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185171
Robert Muchamore
Om forfattaren

Robert Muchamore

(f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.