InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Søv berre når du søv: dikt

«en poet med den presisjon i uttrykket som ikke er alle forunt [...] Harrison er på sitt beste når hun begrenser seg og holder fokuset enkelt og konsist, hvor det fysiske i den amatørfotografiske smitter direkte inn i ...»
— Joakim Randa Berthelsen, Bergens Tidende
Ømt og stilsikkert portrett av ein far. Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie. Dette er eit ømt og stilsikkert portrett som forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter varmen og nærleiken i slik det var. «Søv berre når du søv» er ei moden debutbok om å mane fram eit minne ein kan sakne, og gjennom det verte kjend med og verne om kjærleiken til ein far.
349,00 kr
Sider
120
Utgivingsår
2023
Språk
en
ISBN
9788234010682
Ellen Løvhaug Harrison
Om forfattaren

Ellen Løvhaug Harrison

Ellen Løvhaug Harrison (f. 1994) er frå Lofoten. Ho er utdanna ved Skrivekunstakademiet og studerer litteraturvitskap i Bergen. Søv berre når du søv er den første boka hennar.