Sonettane til Orfeus

Rainer Maria Rilke | Åsmund Bjørnstad

Sonettane til Orfeus  er eit av hovudverka i moderne poesi. Syklusen blei skrive som gravmonument over venninna til Rilkes dotter, og går attende til Orfeus, den mytiske songaren frå Thrakia. Orfeus var lyrespelaren som kunne fortrylle både ville dyr, bekkar og steinar med songen sin. Han hadde også mulegheita til å bringe si elska Eurydike attende frå dødsriket. Vilkåret var at han ikkje såg seg attende før ho sette foten blant dei levande. Men Orfeus kunne ikkje la vere å sjå seg tilbake og mista dermed Eurydike for alltid. Rilke bruker den greske Orfeus-myten og gir samstundes ein moderne, eksistensiell tolking av livet og døden.

Åsmund Bjørnstad står for denne gjendiktinga, og har supplert den med kommentarar. Boka gjengir også den tyske teksten.


ISBN: 9788252182422

Kategoriar: Rainer Maria Rilke, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Lyrikk, drama og essay



Meir frå Rainer Maria Rilke