Skarpe kantar

Barn og ungdom

Skarpe kantar

12–16 år 5 t 37 min
Vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2025!

Livet står på pause for sytten år gamle Maja. Ho har mista faren og orkar ikkje anna enn å flykte inn i fantasien, langt vekk frå den strenge politimora og hockeymiljøet ho er omringa av. Da Adam begynner i klassa, blir Maja med éin gong fengsla. Trass i alle åtvaringar lar ho seg rive med. Det heile verkar som ein draum ...
 
Spol fram i tid, og den gode draumen har utvikla seg til eit mareritt. Ein ung mann er drepen, og Maja må fortelje heile historia til politiet. Adam skjulte hemmelegheiter, han var ikkje til å stole på. Men det er kanskje ikkje Maja heller?
 
Skarpe kantar er ein spenningsroman for ungdom som held deg hekta frå første side.


349,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016158
Therese Garshol
Om forfattaren

Therese Garshol

Therese Garshol (f. 1988) har fått mykje merksemd for ungdomsromanane sine. Den første boka, Sting, blei tildelt Trollkrittet og vart nominert til Kulturdepartementets prisar i kategorien debutant. Andreboka hennar, thrilleren Eg skal rive deg i filler vann Uprisen og vart nominert til Kritikarprisen. Skarpe kantar er den tredje romanen hennar.

Garshol Syversen underviser og forskar på barnelitteratur og litteraturdidaktikk ved Høgskolen i Innlandet. Syversen kjem frå Fredrikstad og er busett i Oslo.