Skandale i skitrekket

Barn og ungdom

Skandale i skitrekket

6–9 år 1 t 19 min
Katastrofedagbøkene er ein humoristisk og spennande bokserie for barn frå seks år og oppover. Serien følger ni år gamle Samson, som stadig hamnar i trøbbel sjølv når han meiner det godt. Med fart, humor og akkurat passe actionfylt spenning treffer bøkene mange av dei nyaste lesarane.
 
Det blir heilt katastrofe når klassen til Samson reiser på skitur. Allereie på bussen har Samson ei ostepopulykke som går hardt ut over Alva. Det blir ikkje noko betre når dei kjem seg ut i skibakken og det viser seg at Samson slettes ikkje har så god kontroll som han har trudd. Kan Samson overleva den svarte løypa og det enorme hoppet nedst i bakken? Og endå viktigare: Kan han redda vennskapet med Alva?

199,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017643
Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.